Vi vil at Volda kommune skal bli ei skatteparadisfri sone!
Ei skatteparadisfri sone vil seie at ingen av kommuna sine leverandørar av produkt og tenester snytar på skatten ved bruk av skatteparadis.
Vi kjem frå Changemaker Volda, eit lokallag innan Changemaker som er ungdoms organisasjonen til Kirkens Nødhjelp. Changemaker er den største ungdoms organisasjonen i Noreg som arbeider for å endre dei grunnleggande årsakene til fattigdom i verda. Vi jobbar no for at Volda skal bli ei skatteparadisfri sone.
Ein milliard menneske i verda lever i ekstrem fattigdom og manglar tilgang til sosiale fasilitetar som utdanning, heilsetjenestar, vegar og andre sosiale gode. Ein av årsakene til dette er at internasjonale selskap skjuler sin forteneste i skatteparadis. Slik unngår selskapa å betale skatt i landa dei opererer i. Dette gjer at fattige land har mindre pengar å bruke på utvikling av offentleg sektor. Eit eksempel er kontinentet Afrika der 160 milliardar dollar årlig forsvinn ut, antakelig til skatteparadis, fordi store selskap ikkje betalar den skatten dei skal. Dette er urettferdig! Derfor er det avgjerande at selskapa betaler skatt slik at offentlige sosiale gode når ut til befolkninga.
Grunna stort hemmeleghald i skatteparadis og dagens lovverk i Norge er det svært problematisk å avdekke om norske selskap unndreg skatt i andre land. Vi ynskjer at norske selskap som opererer i andre land rapportar sin forteneste, og kor mykje skatt dei betalar i kvart enkelt land. Dette er ein sak som finansminister Sigbjørn Johnsen støtter og arbeider for. I løpet av våren forventar vi et vedtak om land for land rapportering på nasjonalt nivå.
Prosessen har vore svært langsam, og Volda har nå moglegheita til å vere ei føregangskommune i Noreg ved å erklære seg som ei skatteparadisfri sone.
Vi ønsker:
Ei offentlig erklæring der kommunestyret forpliktar seg til å bli ein skatteparadisfri sone
At kommunestyret oppfordrar alle sine leverandørar til å unngå skatteparadis, og til å gjennomføre land for land rapportering. Ved å rapportere sin forteneste, og kor mykje skatt dei betalar i kvart enkelt land blir det vanskelegare for selskap å nytte seg av skatteparadis for å unngå å betale skatt.