Freding av gytefelta på Møresokkelen
Vi kan ikkje risikere oljeleiting og oljeboring på Møresokkelen. Dei store fiskeressursane er viktigare enn den kortvarige gevinsten som eventuell oljeleiting og oljeboring på Møreblokkene vil gi. Møreblokkene må ut av konsesjonsrundene og fredast i Forvaltningsplanen for Norskehavet.
Møresokkelen er eit av dei mest verdfulle marine økosystem i verda. Norsk vårgytande sild som er den største fiskebestanden i Nord-Atlanteren har hovudgytefelt i dette området, og torsken kjem heilt frå Barentshavet for å gyte her.. Sildeegga blir liggande på botnen i knapt ein månad før dei blir klekte. I denne perioden er egg svært utsette for oljeforureining.
– Og fuglefjellet på Runde er næraste nabo til blokkene på Møresokkelen
Fiskeressursane og naturrikdommen må vernast for at også generasjonane etter oss kan hauste av dette!
Skriv under for å bevare Møresokkelen her: